Norges Skogeierforbund er ein interesseorganisasjon for skogeigarar i Noreg, og ei overbygning for dei fire skogeigarsamvirka: Allskog, FramTre, Glommen Mjøsen Skog og Viken skog.

Skogeierforbundet har hovudkontor i Oslo. Skogeigarar som er medlem i eit tilsutta samvirke, er samstundes medlemmer i Skogeierforbundet.

Kvart samvirke er organisert med lokale skogeigarlag som fungerer som valdistrikt for medlemene i representantskapet.

Norges Skogeierforbund vart stifta i Oslo 2. mai 1913, som ein overbygning over dei vassdragsvise skogeigarlaga. Inititativtakar var Olav Nergård, som var formann i Glommen, det eldste av skogeigarlaga, stifta i 1903.

Skogeigarforbundets viktigaste oppgåve er å sikre grunneigarane sine rettar og best moglege rammevilkår for eit berekraftig skogbruk.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skogbruk Kategori:Norske næringsorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1913