Sergijev Posad (russisk Се́ргиев Поса́д) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar.
Han har opphav på 1400-talet rundt eit av dei største russiske klostera, Troitse-Sergijeva Lavra oppretta av St. Sergij av Radonezj. Busetnaden fekk bystatus i 1742. Sidan namnet på byen, som viser til St. Sergij, hadde sterke religiøse tydingar, endra dei sovjetiske styresmaktene først namnet til berre Sergijev i 1919 og så til Zagorsk i 1930, til minne om den revolusjonære Vladimir Zagorskij. Det opphavlege namnet vart igjen offisielt brukt igjen i 1991.
Turisme er viktig for den regionale økonomien. Det er òg ein stor leketøysfabrikk i byen.
I 1947 oppretta Sovjetunionen sin første fabrikk for å lage biologiske våpen basert på kopar i utkanten av Sergijev Posad.
Jernbane og motorveg mellom Moskva og Jaroslavl går gjennom byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sergijev Posad» frå , den 7. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Den gylne sirkelen i Russland Kategori:Busetnader grunnlagde på 1400-talet