Herborg Kråkevik () er ein skodespelar og ei songarinne frå Jondal i Hordaland. Ho er særleg kjend for tolkingane sine av norske folkeviser og for innsatsen på scene og film.
Av sceneroller ho har hatt, er Herborgs verden, Eliza i My fair lady (1997) og Julie i Romeo og Julie (1997), dei to siste på Den Nationale Scene.
Med førestillinga Eg og Edith turnerte ho i Noreg med eigne tolkingar av songane til Édith Piaf, akkompagnert av Odd Nordstoga på trekkspel.
Kråkevik oppnådde stor suksess med albumet Kråkeviks songbok (2000), som inneheldt klassiske tolkingar av gamle norske folkeviser. For dette albumet vart ho Årets spellemann under Spellemannprisen 2000.
På film er Kråkevik kjend for hovudrolla som Petra i Det største i verden (2001), ein film som byggjer på Bjørnstjerne Bjørnsons roman Fiskerjenten.
Herborg er gift med Espen - ein dansk jurist - og saman har dei døtrene Agnes og Petra. Herborg bor vekselvis i Skagen/København i Danmark og i Bergen.
Utmerkingar
I 1998 vart Herborg Kråkevik tildelt Anders Jahres kulturpris og Ole Vig-prisen. Ho var kåra til årets spellemann under Spellemannprisen 2000. Ho vart tildelt Storegutprisen i 2013.
Bibliografi 2004: Forteljingar
Diskografi 1995: Mi Haugtussa 1998: Herborgs Verden (nominert til Spellemannprisen) 2000: Kråkeviks songbok 2002: Eg og Edith 2004: Forteljingar (lydbok) 2008: Annleis enn i går 2009: Kvar ein dag 2011: Alltid i mitt sinn 2012: Jul i stova
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herborg Kråkevik» frå , den 6. januar 2009.
Kategori:Norske songarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Jondal Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Vinnarar av Storegutprisen