Spann kan vere eit lengdemål, sjå lengdeeininga spann, eller det kan vere ei gammal nordisk måleining for masse. Eininga blei helst brukt som mål for tørrvarer.

Ordet har opphav i norrønt spann; som i eit kar, ei bøtte, og svarer til ei halv våg eller om lag ni kilogram.Spann i Nynorskordboka Vekta varierte ut frå kva og kvar ein målte. Som smørmål utgjorde eit spann 1/4 laup. Som kornmål utgjorde eit spann 36 merker i stavangerområdet. I utrekning av skatt blei eit spann nordafjells rekna som 72 merker. Sjå meir utførleg i Historisk leksikon

Spann gjekk ut av offisiell bruk i 1875 med innføringa av det metriske systemet.

Referansar

Spann Spann, masseeining