Magne Gunnbjørn Myrmo () var ein norsk langrennar frå Rennebu i Sør-Trøndelag. Frå slutten av 1960-talet og i over eit tiår var han mellom dei beste norske langrennarane.

Fremste prestasjonane Myrmo er kjend som «den siste verdsmeister på treski». Under VM på ski 1974 i Falun tok han gull på 15 km, eit knapt sekund framom Gerhard Grimmer, som gjekk på nye glasfiberski. Under OL i 1972 vann han sølvmedaljen på 50-kilometeren etter Pål Tyldum. Bronsemedalje frå VM-stafetten 1974.

Han vart norgesmeister to gongar (1971 og 1972), vann fem NM-sølv og åtte NM-bronser.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1967: Nr 13 på femmila i Holmenkollen. 1968: Nr 6 på tremila i Svenska skidspelen i Falun. 1969: Vinnar av tremila i Svenska skidspelen i Falun. Tredjeplass på femmila i Holmenkollen. 1970: Vinnar av 15-kilometeren i Holmenkollen. Nr sju på tremila under VM i Štrbské pleso. 1971: Nr 5 på femmila i Holmenkollen. 1972: Sølvmedalje på femmila under OL i Sapporo. Vinnar av 15-kilometeren i Holmenkollen. 1973: Nr tre i begge renna (15 km og 50 km) i Lahti. 1974: Verdsmeister på 15 km i Falun, og vinnar av femmila i Holmenkollen. 1975: Tredjeplass på femmila i Holmenkollen. 1976: Tredjeplass på 15 km i Holmenkollen. 1977: Nr 6 på femmila i Holmenkollen. 1978: Vinnar av tremila i Svenska skidspelen i Falun. Andreplass på femmila i Holmenkollen. 1979: Nr 11 på femmila i Holmenkollen.

I verdsmeisterskapen i 1974 gjekk han startetappen på det norske stafettlaget, som vann bronsemedaljane.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1966: Nr 8 på femmila på Rena Ski-NM 1967: Nr 5 på tremila på Skorovatn Ski-NM 1968: Nr 6 på femmila på Hønefoss Ski-NM 1969: Nr 6 på femmila i Alvdal Ski-NM 1970: Nr 6 på femmila i Meldal Ski-NM 1971: Gullmedalje på femmila på Fåberg Ski-NM 1972: Gull på 15 km og sølv på femmila i Tydal Ski-NM 1973: Sølv på 30 km, Fåberg og bronse både på 15 km og 50 km, Lillehammer Ski-NM 1974: Bronsemedalje både på tremila i Selbu og på femmila i Sørreisa Ski-NM 1975: Sølv på femmila i Flatebygd og bronse på tremila i Heddal Ski-NM 1976: Sølvmedalje på 15 km i Surnadal Ski-NM 1977: Bronsemedalje på 15 km på Vang Ski-NM 1978: Sølv på 50 km, bronse både på 15 km og 30 km, alle renna på Konnerud

Magne Myrmo vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1972.

Myrmo vart i 1974 kåra til «Årets idrettsnamn» og fekk Sportsjournalistenes statuett.

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Rennebu