Staryj Oskol (russisk Ста́рый Оско́л) er ein by i Belgorod oblast i Russland. Han ligg ved elva Oskol, rundt 120 km nordaust for Belgorod. Han har om lag 215 000 innbyggjarar.

Han vart grunnlagt som ei festning i 1593, som ein del av den sørlege festningsrekkja rundt Moskva. På 1600-talet vart byen plyndra av krimtatarar og ukrainske kosakkar.

Staryj Oskol er ein gruveby som lever av utvinning av jernmalm. Han ligg i utkanten av Kursk magnetiske anomali, ein av de største førekomstane av jernmalm i verda. Meir enn åtte millionar tonn jernmalm vert utvunne her kvart år. Av same årsak ligg det òg ei avdeling av Moskva føderale institutt for stål og legeringar i byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Staryj Oskol» frå , den 14. desember 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1593