Thomas Morgenstern () er ein austerriksk skihoppar.

Han debuterte i internasjonal samanheng under hoppveka 2002–2003, berre 16 år gamal. Fem dagar etter det siste hoppvekerennet vann han sitt første renn i verdscupen, i Liberec i Tsjekkia.

Sesongen etter gjekk det vidare framover. Han låg lenge på andreplass bak Sigurd Pettersen i hoppveka, men enda på ein fjerdeplass i samandraget.

Morgenstern har tre gullmedaljar i lagkonkurransane i VM. Han var med på å vinna begge lagkonkurransane (liten og stor bakke) under VM 2005, og storbakkerennet i VM 2007. Den fyrste individuelle meisterskapsmedaljen kom i normalbakken i 2007.

Under 2006-OL i Torino vann han gull i storbakken to gonger, både individuelt og i lagkonkurransen.

I 2006 kom han på tredje plass i VM i skiflyging, etter Roar Ljøkelsøy og landsmannen Andreas Widhölzl.

I verdscupen 07/08 blei han historisk ved å vere den fyrste til å vinna dei seks fyrste individuelle renna. Frå før hadde landsmannen Andreas Felder (1984/85) og finnen Janne Ahonen (2004/05) hatt denne rekorden ved å ha vunne dei fire fyrste renna.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thomas Morgenstern» frå , den 14. desember 2008.

Bakgrunnsstoff thomasmorgenstern.com (tysk)

Kategori:Austerrikske skihopparar Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014