Nes kyrkje står på Nes ved Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland og er ei langkyrkje i tre frå 1836. Ho vart sett opp etter typeteiking laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow. I 1909 vart kyrkja mykje ombygd, og fekk mellom anna nytt tårn, våpenhus og sakresti. Då fekk ho òg ny altertavle måla av Isak Refsnæs.
mini|venstre|Nes kyrkje fotografert i 1937. Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1300-talet som då vart riven. Preikestolen, døypefonten og tre kyrkjeklokker i dagens kyrkje er frå stavkyrkja. I Bergen Museum er to alterfrontalar og eit krusefiks frå stavkyrkja, og ein meiner at døypefonten i Dale kyrkje òg har stått i Nes stavkyrkje tidlegare.
Nes kyrkje er soknekyrkje i Nes sokn i Sogn prosti.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Nes kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Nes kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon (på Allunne.no)
Bakgrunnsstoff Om Nes kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av Nes kyrkje på nettstaden til Nasjonalbibliotektet
Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Luster Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Bygningar teikna av Hans Linstow Kategori:Norske kyrkjer frå 1836 Kategori:Kulturminne i Luster