Den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) involverte nesten alle stormaktene i Europa. Krigen starta med påskotet om at Maria Teresia av Austerrike ikkje kunne ta over trona til Habsburgmonarkiet fordi den saliske lova utelukka kvinner i arverekkefølgja.
Den lengste og viktigaste delen av krigen var kampane mellom Preussen og Habsburgmonarkiet om regionen Schlesien. Forskjellige andre stormakter deltok i krigen til forskjellige tider, men det som etter kvart vart overraskande var kvaliteten til dei prøyssiske styrkane, som var ein profesjonell hær og ikkje berre ein flokk leigesoldatar slik soldatvesenet stort sett hadde vore før. Sjølv Gustav Adolf, som enkelte gjev æra for å ha funne opp den moderne krigføringa med å kombinere forskjellige våpengreiner,Hals, Barthold: «Vektleggingen av Combined Arms i Hæren » – føredrag i Oslo Militære Samfund mandag 10. desember 2007 hadde nytta leigesoldatar i stort omfang. Permanente profesjonelle hærar var dyrt då som no.
Det sørvestlege Tyskland, Nederlanda og Italia var, som vanleg, slagmarker mellom Frankrike og Austerrike. Dei vanlege allierte til Frankrike og Preussen, som hadde kjempa saman sidan trettiårskrigen og til ein viss grad lenge før den tid, var Spania og Kongedømet Bayern.
Austerrike vart nærast som ei sjølvfølgje støtta av Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda, tradisjonelle fiendar av Frankrike. Andre som i periodar støtta Austerrike var mellom andre Kongedømet Sardinia og Sachsen.
Krigen enda med Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748, der Maria Teresia fekk overta etter faren sin. Det einaste landområdet ho tapte var Schlesien.
Den saliske rekkefølgja I 1740 prøvde Maria Teresia å overta etter faren sin som dronning av Ungarn og Böhmen, erkehertuginne av Austerrike og hertuginne av Parma. Planen hennar var å arve Habsburg-områda, og at mannen hennar Frans I av Lorraine skulle verte vald til tysk-romersk keisar. Ein hadde i lang tid sett kva problem ein kvinneleg herskar over Habsburgmonarkiet kunne medføre og Karl VI hadde derfor overtalt dei fleste statane i Tyskland til å godkjenne Den pragmatiske sanksjonen av 1713.
Problema starta då Kong Fredrik II av Preussen, som ikkje hadde godkjent sanksjonen, invaderte Schlesien den 16. desember 1740 med påskot om eit territoriekrav. Maria Teresia, som ei kvinne, vart sett på som svak, og andre herskarar, som Karl Albert av Bayern, gjorde sjølv krav på trona hennar. Dette gjorde han med bakgrunn i at han var mann og hadde ei klår stamtavle som gjorde at han kunne verte vald til tysk-romersk keisar.
Europa i 1740 Maria Teresia høyrde til den austerrikske greina av huset Habsburg. Området ho rådde over hadde aldri eit offisielt namn, men vart ofte kalla Habsburgmonarkiet eller Det austerrikske monarkiet, sjølv i hennar tid, og var samansett av ei rekkje hertugdøme og grevskap. Erkehertugdømet Austerrike var ein del av Habsburgmonarkiet, men namnet Austerrike vert stundom òg nytta om heile monarkiet. Dette området dekte mellom anna det som i dag er Austerrike, Ungarn, Tsjekkia, Slovakia, i tillegg til mindre område av det sørvestlege Polen og det søraustlege Tyskland og store område aust og sør for Ungarn. I denne perioden hadde Habsburgmonarkiet òg eit område i Dei sørlege Nederlanda, kalla Dei austerrikske Nederlanda. Det vi kjenner som Tyskland i dag var eit lappeteppe av meir eller mindre sjølvstendige småstatar som i stor grad var ein del av Det tysk-romerske riket, som òg inkluderte Habsburgmonarkiet. Nokre av dei tyske statane hadde status som kurfyrstedøme og det var dei som valde ny keisar når ein keisar hadde gått bort, men keisaren var nesten utan unntak alltid vald frå huset Habsburg. Kongedømet Preussen oppstod i 1701 og var samansett av områda nordaust i dagens Tyskland og austover langs kysten av Austersjøen til og med dagens Kaliningrad oblast i Russland.
Det schlesiske felttoget i 1740 mini|Keisarinne Maria Teresia, dronning av Ungarn og Böhmen og erkehertuginne av Austerrike. mini|Fredrik II av Preussen Preussen var i 1740 eit lite, men godt organisert land på veg til å verte ei stormakt. Sidan landet til då berre hadde medverka i den polske arvefølgjekrigen utan å gjere stor inntrykk, vart ikkje hæren i landet rekna som særleg mektig av dei mange hærane i Europa og dei tyske statane.
Berre eit fåtal trudde at hæren kunne stille opp mot dei moderne styrkane til Austerrike og Frankrike. Kong Fredrik Vilhelm I hadde på si side drilla hæren til eit nivå som ein tidlegare ikkje hadde sett, og dei prøyssiske infanteristane var så godt trena og så godt utstyrte at dei kunne avfyre fem skot på same tid som ein austerriksk infanterist avfyrte tre. Det prøyssiske kavaleriet og artilleriet var derimot mindre effektivt, men dei hadde òg nokså høg kvalitet, for Preussen hadde kjempa mot det dyktige kavaleriet til Polen og møtt det harde svenske artilleriet tidleg og midt på 1600-talet.
Den store fordelen for hæren til Fredrik var at han hadde fått vere i fred i mange år, og slik opparbeidd seg ein profesjonell ståande hær. Dette var avgjerande i starten då austerrikarane måtte kalle inn folk for å fylle opp styrkane, medan prøyssarane alt var klar til strid. Slik klarte Fredrik å ta Schlesien nesten utan motstand.
Hæren hans hadde roleg samla seg langs elva Oder tidleg i desember. 16. desember 1740, kryssa dei grensa til Schlesien utan at dei erklærte krig. Dei lokale austerrikske styrkane klarte ikkje anna enn å leggje eit par festningar i garnison, medan resten fall tilbake til fjellområda i Böhmen og Mähren.
I det nye territoriet deira organiserte den prøyssiske hæren seg for vinterforlegning, heldt heile Schlesien og tok sterke stader som Glogau, Brieg og Neisse. Som følgje av dette hadde Preussen med eitt enkelt grep dobla innbyggjartalet sitt og fått store fordelar med auka industriell produktivitet.
Nasjonalisme som vi kjenner han i dag, var ikkje ein faktor, men eit fenomen ein berre så vidt hadde sett starten på.Vorhaug, Rolf: «Nasjonalismen – vår tids gift ». Opphavleg av Chris Harman som «The Return of the National Question» i International Socialism 2:56, her i omsett utgåve. Preussen fekk store fordelar av den apolitiske haldninga til samfunnet på denne tida, sidan folkemassane sentralt i Tyskland stadig leid under krigførande nasjonar som ramponerte landområda deira igjen og igjen.
Det schlesiske felttoget i 1741 mini|venstre|Slaget ved Mollwitz Medan dei austerrikske garnisonane i Neisse og Brieg heldt ut mot dei prøyssiske troppane, hadde prøyssarane storma Glogau natt til 9. mars 1741. Dei prøyssiske styrkane under fyrst Leopold (den yngre) av Anhalt-Dessau utførte oppgåva på ein time med stor presisjon, og vart etter dette sett opp til av mange. I februar 1741 hadde austerrikarane samla ein armé under grev Neipperg og gjort seg klare til ei gjenerobring av Schlesien. Den austerrikske hæren tok seg inn i Mähren på eit tidspunkt då forlegningane til Fredrik var spreidde over heile Øvre Schlesien. Det var vanskeleg å samle saman hæren på grunn av djupt snødekke, og før hæren vart samla, avslutta prøyssarane omleiringa av Neisse og var under marsjen frå Neisse til Brieg avskorne frå sitt eige land. Etter å ha kome tregt i gang, braka dei to armeane etter kvart i saman i slaget ved Mollwitz den 10. april 1741. Dette var det første feltslaget til Fredrik og hæren hans. Austerrikarane klarte å avskjere høgrevingen av det prøyssiske kavaleriet, men infanteriet til Fredrik klarte seg og vann slaget.
Fredrik sjølv forsvann bort under slaget. Han hadde kjempa i kavaleriet, men då slaget såg ut til å vere tapt hadde han vorte overtalt av feltmarskalk Schwerin til å ri bort. Schwerin, som marskalk Moritz av Sachsen ved Fontenoy, vart verande att for å vinne slaget, og kongen klarte berre så vidt å sleppe unna austerrikske husarar til fots.
Etter slaget sikra prøyssarane Brieg, og Neipperg fall tilbake til Neisse, der han deltok i ei rekkje samanstøytar i løpet av sommaren. Europa oppdaga denne nye militærmakta, og Frankrike sende marskalk Belle-Isle til Fredrik sin leir for å forhandle om ein allianse, som førte til at det schlesiske felttoget utvikla seg til ein storkrig. Kandidaturet til Kurfyrsten av Bayern for keisartrona vart støtta av ein fransk «reservearmé», og andre franske styrkar vart sende for å overvake Hannover. Sachsen var alt under oppsikt av ein prøyssisk hær under fyrst Leopold av Anhalt-Dessau, «den gamle Dessauer», som hadde trena opp den prøyssiske hæren til den dyktige hæren han no hadde vorte.
Under den russisk-svenske krigen 1741-1743 hadde Sverige som oppgåve å hindre at Russland gjekk til åtak på Preussen, men dei svenske troppane vart slegne den 3. september 1741 ved Villmanstrand av ein langt større og sterkare russisk hær. I 1742 opplevde den fransk-prøyssiske alliansen eit nytt nederlag då russarane erobra Helsingfors frå Sverige.
Allierte i Böhmen 1741 Franskmennene slo seg saman med den bayerske kurfyrsten sine styrkar ved Donau og rykte framover mot Wien, men målet deira vart brått endra, og etter mange kontramarsjar rykte dei antiausterrikske allierte i tre heilt fråskilde korps mot Praha. Eit fransk korps marsjerte via Amberg og Pilsen. Kurfyrsten marsjerte mot Budweis, og saksarane, som no hadde slege seg saman med dei allierte, invaderte Böhmen via Elbedalen. Austerrikarane kunne først yte lite motstand, men etter ei stund klarte ein større styrke å kom seg mellom ved Tábor mellom Donau og dei allierte, og Neipperg marsjerte no frå Neisse for å støtte opp om felttoget. Han sette i lag med Fredrik i stand Klein Schnellendorf-avtalen (9. oktober 1741), der Neisse vart overgjeve etter ei skinnomleiring, og austerrikarane let Fredrik vere i fred mot at hæren til Neipperg vart flytta. Samstundes hadde ungararane, som entusiastisk støtta deira eigen Maria Teresia, samla seg til eit «opprør» som med sine lette troppar vart eit særs nyttig tillegg til den vanlege hæren. Ein uerfaren hær vart samla saman under feltmarskalk Khevenhüller i Wien, og austerrikarane planla ein vinteroffensiv mot dei fransk-bayerske styrkane i Böhmen og den vesle bayerske hæren som var igjen ved Donau for å verne kurfyrstedømet.
Franskmennene hadde i mellomtida storma Praha den 26. november 1751, og storhertug Frans, gemalen til Maria Teresia som kommanderte austerrikarane i Böhmen, reagerte for seint til å redde festninga. Kurfyrsten av Bayern, som no kalla seg sjølv erkehertug av Austerrike, vart krona til konge av Bøhmen den 9. desember 1741, og valt til keisartrona som Karl VII den 24. januar 1742.
I Bøhmen var det fleire små samanstøytar i desember 1741. Ved Donau rykte Khevenhüller, den beste generalen til austerrikarane, fram den 27. desember og dreiv raskt tilbake dei allierte, sperra dei inne i Linz, og pressa på inn i Bayern. München sjølv overgav seg til austerrikarane dagen då Karl VII vart krona.
Mot slutten av den første delen av felttoget opprettheldt franskmennene, under den gamle marskalken de Broglie, eit vaklande fotfeste i sentrale område av Bøhmen, truga av hovudhæren til austerrikarane, og Khevenhüller dreiv utan motstand rundt i Bayern, medan Fredrik, som følgde den hemmelege avtalen, låg i ro i Schlesien.
Felttoga i 1742