Stundo er mi kjering god er ein springar som har vore nytta i Sogn, Valdres og Hallingdal. Tittelen på slåtten er knytt til eit stev: Stundo er mi kjering god, stundo er ho so og so so. Teksten er sams i Hallingdal og Valdres., medan vestlandsformene er utan namn. Dette stevet er og nytta på vestlandsforma av Nordfjordingen. I Hallingdal er slåtten og kjend som Søtepose, mellom anna i form etter Kristian Øvrevollseie.

Variantgruppa

Slåtten har katalognr 490 i Hardingfeleverket, og gruppa tel seks variantar, ein frå Sogn, tre frå Valdres og to frå Hallingdal.

a: Springar, etter Sjur Berge, Balestrand Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 651). Bjørndal gjorde fleire nedskrifter av denne slåtten på Vestlandet. b: Stundo æ mi kjering go, etter Ola Fystro, Nord-Aurdal Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 933). Fystro hadde slåtten frå Ulrik Jensestogun, og han att frå Bendik i Nøen. c: Stundo æ mi kjering go, etter Ola Okshovd, Øystre Slidre Nedskrift Arne Bjørndal 1912 (B 445) d: Stundo æ mi kjering go, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre Nedskrift Sven Nyhus 1974. Bolstad lærte slåtten av Ola Okshovd, som bygde han ut noko. e: Stundo æ mi kjering go, etter Jørgen Husemoen, Nes i Hallingdal Nedskrift Sven Nyhus 1975. f: Søtepose, etter Nils Gjeldokk, Ål Nedskrift Sven Nyhus 1975. Gjeldokk lærte slåtten av Sevat Sataøen, Ål. Odd Bakkerud og Kristian Øvrevollseie nytta og denne forma.

Fotnotar

Kategori:Norske slåttar