mini|Altarskåp frå ca. 1515 frå den kyrkja som brann i 1940, no i Bergen Museum. Øn kyrkje er ei langkyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden i Hyllestad kommune i Vestland. Kyrkja er den fjerde kjende i tidlegare Øn sokn, og ho erstatta ei trekyrkje frå 1880 som brann ned etter lynnedslag 4. november 1940.
Fyrste gongen ei kyrkje på Øn er nemn i skriftlege kjelder er 1327. Den gamle kyrkjestaden var på Øn tre kilometer lenger inne i fjorden. Kyrkjegarden på den gamle kyrkjestaden vert framleis brukt og det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja på Sørbøvåg.
Øn kyrkje var soknekyrkje i Øn sokn fram til dei tre sokna i Hyllestad prestegjeld vart slegne saman til eitt sams Hyllestad sokn i 2001.
Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Øn kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Finn Borgen Førsund: «Øn gravstad» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Øn kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Bakgrunnsstoff Om Hyllestad kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Hyllestad Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Ole Halvorsen Kategori:Norske kyrkjer frå 1958 Kategori:Kulturminne i Hyllestad