Åslaug Marie Haga () i Nes på Romerike er ein norsk diplomat, politikar og tidlegare leiar i Senterpartiet. Ho er utdanna cand.mag. og har erfaring frå Utanriksdepartementet (UD). Haga var statsråd i regjeringa Stoltenberg II, fram til 19. juni 2008. Ho valde å gå av etter ei massiv mediedekning rundt små og store lovbrot i samband med forvalting av eigen eigedom. Det var til dømes ulovleg utleige av eigen eigedom i tillegg til ei uanmeld bryggebygging.
Åslaug Marie Haga er dotter til Hans Haga, leiar i Norges Bondelag frå 1974 til 1980 og generalsekretær frå 1980 til 1988. Ho voks opp på garden Henni saman med ei eldre syster.
Cand.mag.-graden til Haga er frå Universitetet i Oslo og er sett saman av faga statsvitskap, historie og sosiologi. I 1989 gifta ho seg med diplomatkollega Bård Hopland. Etter å ha budd i Oslo og i utlandet i fleire år kjøpte dei to i lag småbruket Sandli (Holstad i Ås). Saman har dei to born.
Ho var stortingsrepresentant i stortingsperiodane 2001-2005 og 2005-2009. I samband med at stortingsperioden hennar gjekk ut 1. oktober 2009 og at ho ikkje stilte til attval, annonserte ho at ho skulle byrje i ny jobb som miljølobbyist for arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri.«Åslaug Haga går til NHO» av Helge Carlsen og Øystein Ingdahl på NRK.no (16.09.2009).
Karriere mini|Åslaug Haga i Stortinget. Attaché FN-delegasjonen i New York frå 1987 til 1989 Personleg sekretær for bistandsministeren frå 1989 til 1990 Ambassadesekretær ved ambassaden i New Dehli frå 1991 til 1994 Byråsjef, underdirektør og statssekretær i Utanriksdepartementet frå 1994 til 1999 Statssekretær ved Statsministerens kontor i 1999 Nestleiar i Senterpartiet frå 1999 til 2003 8. oktober 1999–13. mars 2000: Kulturminister i regjeringa Bondevik I. Stortingsrepresentant frå 2001 Leiar i Senterpartiet frå 2003 til 19. juni 2008 17. oktober 2005–21. september 2007: Kommunal- og regionalminister i Regjeringa Stoltenberg II 21. september 2007 til 19. juni 2008: – Olje- og energiminister i Regjeringa Stoltenberg II 1. oktober 2009– : Miljølobbyist for Norsk Industri
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff Åslaug Haga sin tale 19. juni 2008
Kategori:Leiarar for Senterpartiet Kategori:Norske kulturministrar Kategori:Norske kommunalministrar Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Statssekretærar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Folk frå Nes Kategori:Norske diplomatar