Sjelon (russisk Шелонь) er ei elv i Pskov og Novgorod oblast i Russland. Elva er 248 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 44 m³/s.
Elva spring ut aust i Pskov oblast og munnar ut i innsjøen Ilmen i Novgorod oblast. Langs Sjelon ligg byane Porkhov og Soltsy.
Slaget ved Sjelon (14. juli 1471) mellom Storfyrstedømet Moskva og Republikken Novgorod vart utkjempa mellom byen Soltsy og munningen av Sjelon. Det slutta med siger til moskovittane, leia av Hertug Kholmskij. Som følgje av slaget vart Novgorod innlemma i Storfyrstedømet Moskva i 1478.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sjelon» frå , den 31. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Novgorod oblast Kategori:Elvar i Pskov oblast