mini|KV «Svalbard» thumb|KV Svalbard (venstre) til kai i Longyearbyen. KV «Svalbard» er det største fartøyet i Kystvakta og Sjøforsvaret. Ho har eit mannskap på 40 befal og 42 vernepliktige fordelt på to besetningar. Fartøyet er ein havgåande isbrytar med kapasitet til å ta skip opp til 100 000 tonn på slep. Fartøyet er utstyrt med ABC-vernekapasitet og kan «stenge ned» ventilasjonen for å operere over lengre tid i område som er ureina av kjernefysisk våpenbruk. Hovudoperasjonsområdet til fartøyet er det nordlege Barentshavet, og det høyrer til Ytre Kystvakt ved Kystvaktskvadron Nord.
Fakta Besetning fartøy: 20 befal og 28 vernepliktige (avvik frå tala over kan skuldast andre turnusordningar for meinige) Besetning helikopter: 4 stk Totallengd: 103,7 m Største breidd: 19,1 m Deplasement: 6500 t Største djuptgåande: 6,5 m Maks fart: 17 knop Marsjfart: 12 knop
Historie Det var ein lang prosess å få bygd KV «Svalbard», og fartøyet byggjer på lang erfaring og mykje utvikling innanfor Kystvakta.
Åra 1989–1993: Forstudie. 1. august 1993: Starta formelt som eige prosjekt i Sjøforsvarets Forsyningskommando (SFK). 28. september 1994: Namnet KV «Svalbard» bestemt. 15. desember 1999: Inngåing av kontrakt. 5. mai 2000: Brennestart av stålplater. 9. august 2000: Start av kjølstrekkjing. 17. februar 2001: Skroget vart sjøsett. 20. februar 2001: Skroget kom til Langsten, sør av Molde. 15. desember 2001: Overtaking og dåp.
Helikopter KV «Svalbard» har hangar til to helikopter og helikopterdekk. Helikopteret er av typen Lynx og høyrer til 337-skvadronen stasjonert på Bardufoss. Helikopterparken vil bli bytt ut med nye NH90 i perioden 2009–2012.
Bakgrunnsstoff Forsvarsnett om KV «Svalbard»
Kjelder Forsvarsnett
Svalbard Kategori:Skip frå 2001