Göran Tunström () (fødd i Karlstad, død i Stockholm) var ein svensk forfattar.
Han voks opp på den vesle staden Sunne i Värmland der far hans var prest. Faren døydde allereie då Göran Tunström var 12 år gamal, og familien flytta då frå prestegarden til eit lite husvære. Tapet av faren vart eit sentralt tema i forfattarskapet. Mesteparten av romanane hans har utgangspunkt i, eller føregår i Sunne, så det var fort å kategorisera han som ein heimstaddiktar, men då det store gjennombrotet hans kom med Juloratoriet (1983), etterfølgd av Tjuven (1986), fall i staden Sunne på plass som eit Macondo i ein magisk realisme. Juloratoriet vart filmatisert i 1996, regi: Kjell-Åke Andersson. Bøkene hans er omsett til mange språk og han er ein velkjend forfattar også utanfor Sverige og Norden, kanskje særleg i Tyskland.
Triva Han brukte psevdonymet Paul Badura Mörk då han skreiv kriminalromanen Hallonfallet. Ifølgje Leonard Cohen har forfattaren Axel Jensen fortalt at figuren Lorenzo i romanen Joacim (1961) er bygd på Tunström. Han ligg gravlagd på kyrkjegarden i Sunne, like ved prestegarden der han voks opp. Föreningen Värmlandslitteratur feirar Göran Tunström-dagen kvart år på fødselsdagen hans den 14. mai.
Bibliografi 1958 Inringning, dikt 1960 Två vindar, dikt 1961 Karantän, roman 1962 Nymålat, dikt 1962 Maskrosbollen, roman 1964 Familjeliv, roman 1965 Om förtröstan, dikt 1966 De andra de till hälften synliga, dikt 1967 Hallonfallet 1969 Samtal med marken, dikt 1973 De heliga geograferna, roman På norsk: 1995 De hellige geografene, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1975 Svartsjukans sånger, dikt 1975 Stormunnens bön, roman 1975 Guddöttrarna, roman På norsk: 2002 Guddøtrene, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1976 Sandro Botticellis, dikt 1976 Prästungen, roman På norsk: 1991 Prestungen, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1978 Dikter till Lena, dikt 1979 Ökenbrevet, roman På norsk: 1987 Ørkenbrevet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1980 Sorgesånger, dikt 1983 Juloratoriet, roman På norsk: 1984 Juleoratoriet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1984 Indien - en vinterresa, reiseskildringar På norsk: 1989 India - en vinterreise, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1986 Tjuven, roman På norsk: 1986 Tyven, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1987 Chang Eng, samling dramatikk 1991 Det sanna livet, novellesamling På norsk: 1992 Det sanne livet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1993 Under tiden På norsk: 1994 Ventetid, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1996 Skimmer, roman På norsk: 1997 Skimmer, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1996 En prosaist i New York På norsk: 2000 En prosaist i New York, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo) 1998 Berömda män som varit i Sunne, roman På norsk: 1999 Berømte menn som har vært i Sunne, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
Priser og utmerkingar 1976 Svenska Dagbladets litteraturpris 1984 Nordisk Råds litteraturpris for romanen Juloratoriet 1987 Selma Lagerlöf-prisen 1998 Nils Ferlin-prisen 1998 August-prisen
Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris