Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Vestland fylke. Tettstaden har og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden.
mini|venstre|Gaupne gamle kyrkje Her ligg Gaupne gamle kyrkje og Gaupne kyrkje og skulane Luster ungdomsskule og barneskulen Gaupne skule.
Gaupne er òg namnet på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er to kyrkjer i soknet, Gaupne kyrkje frå 1907 og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650. Gamlekyrkja er sidan 1909 i eiga til Fortidsminneforeninga medan Gaupne kyrkje er soknekyrkje. Fram til 1967 høyrde Gaupne sokn til Luster prestegjeld, då vart det overført til Jostedal prestegjeld.«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
Namnet Gaupne kjem frå gamalnorsk gaupn som tyder 'hol hand, neve'. I fylgje Oluf Rygh si tolking var namnet opphavleg brukt om fjorden. Ei anna tolking er at namnet kom av at bygda ligg i ei senking mellom tre høgder.Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
Sjå òg Tettstader i Vestland
Galleri
Kjelder
SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Sogn og Fjordane»
Bakgrunnsstoff Eldre fotografi frå Gaupne på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kategori:Busetnader i Luster Kategori:Tettstader i Vestland Kategori:Kommunesenter i Vestland Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti