Gajva (russisk Гайва) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå høgre i nedslagsfeltet til Volga.

Gavja er 76 km lang og har eit nedslagsfelt på 328 km². Ho renn gjennom byen Perm og munnar ut i Kama, 690 km frå munningen hennar.

Det meste av nedslagsfeltet til Gavja ligg utanfor Perm. Det ligg industri og motorvegar langs elva, men desse har ikkje like stor innverknad på elva som dei har på mange andre småelvar i Perm.

Gavja har 32 sideelvar som er lengre enn 10 km. Den største av desse er Bolsjaja Selskaja.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Гайва» frå , den 17. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Sideelvar til Kama Kategori:Elvar i Perm