Det europeiske frihandelsforbundet (engelsk European Free Trade Association, forkorta EFTA) blei oppretta i 1960. I dag er Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits medlemar, og generalsekretæren er Henri Gétaz.
Soge Det opphavlege grunnlaget for EFTA var Stockholmkonvensjonen som berre omhandla frihandel. Noreg og Sveits var med og skipa frihandelsforbundet saman med Storbritannia, Danmark, Sverige, Austerrike og Portugal. Den 21. juni 2001 underskreiv dei fire siste EFTA-landa Vaduzkonvensjonen som er grunnlaget for samarbeid på ei lang rekkje område. EFTA er inspirert av EU, men har i mindre grad eit inngripande samarbeid.
Organisering EFTA har frihandelsavtaler mellom medlemslanda og andre statar, inkludert EU. Avtala mellom EFTA og EU vert kalla EØS, Sveits er likevel ikkje med i denne avtala.
Offisielt har EFTA berre eit organ. Det er Rådet som kjem saman på ministernivå to gonger i året, og på ambassadørnivå omtrent kvar fjortande dag. Alt som blir sagt i Rådet blir skrive ned ord for ord.
EFTA har likevel mange uformelle styringsorgan:
«Deputies» står for den verkelege styringa av arbeidet i Genève og kjem saman nesten dagleg når det er som mest travelt i førebuingar til ministermøta. «Den faste komitéen» i Brussel har om lag dei same oppgåvene, men då i forhold til EU-samarbeidet.
EFTA-sekretariatet har ingen rett til å gjera vedtak. Det blir leia av ein generalsekretær. EFTA-domstolen er i motsetnad til EFTA ein internasjonal organisasjon. Domstolen har domsmyndigheit over Noreg, Island og Liechtenstein.
Medlemar mini|250px|
Periode Land11960–197321960–197331960–198641960–199551960–199561986–199571960–81960–91970–101991–
Internasjonale frihandelsavtalerNettstaden til EFTA (på engelsk)
Periode Land Merknad1979–19861992–2004 (frå 1993 og ) stod utanfor denne bilaterale avtala1993–20041993–20071995–2004 1991–1992– står utanfor denne bilaterale avtala1999– 2001–2002–2003–2004–2005–2006–2007– 2008–Tollunionen i Det sørlege Afrika (dei fem landa , , , og )2009–2010–Golfrådet (dei seks landa , , , , og )
Generalsekretærar
Nr. Periode Namn Land1.1960–1965Sir Frank Edward Figgures2.1965–1972Sir John Coulson3.1972–1975Bengt Rabaeus4.1976–1981Charles Müller5.1981–1988Per Kleppe6.1988–1994Georg Reisch7.1994–2000Kjartan Jóhannsson8.2000–2006William Rossier9.2006–2012Kåre Bryn10.2012–2018Kristinn F. Árnason11.2018–Henri Gétaz
Kjelder
Kategori:Organisasjonar i Genève Kategori:Organisasjonar skipa i 1960 Kategori:Handelsblokker Kategori:Mellomstatlege organisasjonar skipa ved traktat Kategori:Forhold mellom Liechtenstein og Sveits Kategori:EØS Kategori:Skipingar i 1960 i Europa Kategori:Frihandelsområde