Kaj Leo Holm Johannesen () er ein færøysk politikar som var lagmann på Færøyane frå 2008 til 2015.

Kaj Leo Johannesen er tidlegare skipsførar og medeigar av Farex, eit fiskeeksportfirma.

Johannesen var frå 1997 til 2000 byrådsmedlem i Tórshavn, og lagtingsmedlem sidan 2002. Han var landsstyresmann for utanrikssaker (utanriksminister) frå 2004 til 2008. I 2004 vart han òg leiar for det liberalkonservative partiet Sambandsflokkurin (Sambandspartiet).

26. september 2008 blei Kaj Leo Johannesen vald som lagmann i ei koalisjonsregjering mellom Sambandsflokkurin, det sosialdemokratiske partiet Javnaðarflokkurin og det konservative Fólkaflokkurin (Folkepartiet). Johannesen legg mellom anna vekt på å knyta Færøyane nærare til EU.

Johannesen er òg ein tidlegare fotballspelar. Han var målmann for den færøyske klubben HB Tórshavn i 16 år (1984–2000), og blei færøysk meister i 1988, 1990 og 1998. Han spelte òg 4 landskamper for Færøyane sitt A-landslag i 1991 og 1992.

Johannesen er gift med Jórun Johannesen. Dei har sønene Heina og Jákup og bur i Tórshavn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kaj Leo Johannesen» frå , den 9. oktober 2008.

Bakgrunnsstoff Kaj Leo Johannesen si heimeside på færøysk.

Kategori:Færøyske lagmenn Kategori:Færøyske fotballspelarar