Homborsund fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei lita øy ved innseglinga til Homborsundet utanfor Grimstad i Agder.

Fyret har 3. ordens linseapparat og diafonen som tidlegare lagde tåkesignal er framleis intakt. Fyret vart bygd i 1879, samstundes med Lyngør fyrstasjon, og dei to lyktehusa er derfor nesten heilt like. Ved stasjonen er det bygd bustad, uthus, brønn, landingar og eit naust. I tillegg finst det ein molo. I 1992 vart fyret automatisert og avfolka.

Området er freda etter lov om naturvern på grunn av fuglelivet her og sjølve fyret er verna etter lov om kulturminne.

Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Grimstad Kategori:Kulturminne i Grimstad Kategori:Freda bygg i Agder