Figgjeskjær tåkeklokke er eit fyr og eit sjømerke som tidlegare stod på Langøytangen fyr før det vart flytta til halvøya Figgeskjær, som ligg rett ved innseglinga til Langesund når ein kjem frå Stathelle.

Tåkeklokka vart sett opp i 1911 og teken ut av bruk i 1989. Ho er i dag eigd av Staten og freda etter lov om kulturminne.

Klokka er frittståande og bygd i tre med sveitsarstilpreg.

Sjå òg Fyr i Noreg Nedlagde fyrstasjonar i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Telemark Kategori:Kulturminne i Bamble Kategori:Freda bygg i Telemark Kategori:Samferdsle i Bamble Kategori:Byggverk i Bamble