thumb|Molekylstruktur for etanthumb|3D-modell av eit etanmolekylFaktaLewis-struktur: H H
H-C-C-H
H H NamnEtanKjemisk formelCH3CH3 eller C2H6Smeltepunkt -183 °CKokepunkt -88,6 °CFormelvekt30.07SynonymDimetyl, Etylhydrid, MetylmetanCAS-nummer74-84-0
Etan (C2H6) er eit av dei enkle alkana. Ved normalt trykk og temperatur er etan ein fargelaus, luktfri og brennbar gass som er litt tyngre enn luft. I kombinasjon med luft kan etan danne eksplosiv blanding. Etan sjølvantenner ved 515 °C. Ved oksidering av etan dannast eddiksyre (CH3COOH).
Etan finst i naturgass og hentas opp frå olje- og gassfelta i Nordsjøen. På grunn av trykk og temperatur i olje- og gassreservoara er etan ein våtgass, men går over frå væskeform til gassform ved opphenting til overflata.
Bruk av etan Etan er eit viktig råstoff i industrien ved omdanning til etylen eller som innsatsfaktor i den petrokjemiske industrien til produksjon av polyetylenplast og andre produkt. Etan brukast i produksjonen av etanol.
Sjå òg Hydrokarbon
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lineære alkan Kategori:Industrigassar