Sjapkina (russisk Шапкина) er ei elv i Nenetsia og Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå høgre.

Ho er 499 km lang og har eit nedslagsfelt på 6570 km². Middelvassføringa 82 km frå munningen er 582 m³/s.

Dei viktigaste sideelvane er Vonda, Jangyta og Matej frå venstre og Vesnjo frå høgre.

Sjapkina har utspring i myrområda på Bolsjezemelskaja Tundra i nærleiken av innsjøen Lajato, der elva Laja har kjelda si.

Sjapkina renn austover på Bolsjezemelskaja Tundra og er svingete. Ved landsbyen Novy Bor munnar ho ut i Petsjora.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Шапкина (река)» frå , den 29. september 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Komi Kategori:Elvar i Nenetsia