Laja er ei elv i Nenetsia og Republikken Komi og ei av sideelvane til Petsjora frå høgre.

Elva er 332 km lang og har eit nedslagsfelt på  km². Elva frys til i oktober og vert isfri att i slutten av mai.

Dei største sideelvane hennar er Kerjurvis, Lajavozj, Sertsjeju og Jurjakha.

Laja spring ut frå innsjøen Lajato i Nenetsia. Frå her renn ho sørover over Bolsjezemelskaja Tundra. Elva er særs svingete. Laja munnar ut i Petsjora nedanfor Ust-Usa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Лая (приток Печоры)» frå , den 24. september 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Komi Kategori:Elvar i Nenetsia