Jaren er administrasjonssenter i Gran kommune kommune Innlandet fylke og huser Gran rådhus med sine funksjoner for dei drygt 13 000 innbyggjarane i kommunen. Jaren ligg på Hadeland, midt mellom Gran sentrum og Brandbu og var tidlegare eit livleg sentrum rundt stasjonen og mølla med mange forretningar og industri. I dag er det litt stillare på Jaren med eit mindre kjøpesenter med daglegvarebutikk, ein fiskebutikk, Hadeland mølle, Hadeland Energi, Gran Rådhus, Hadeland Selskapslokaler og Hadeland Steinindustri. Even i Bua som er ein kiosk ligg litt lenger nedom senteret. Jaren har også ein barneskule som heiter Jaren skole.

mini|venstre|Jaren stasjon på Gjøvikbanen Busetjinga mellom Jaren og Brandbu har vorte så tett att Statistisk Sentralbyrå reknar Brandbu/Jaren for ein tettstad med .

Kjende personar frå Jaren Kjersti Grini, tidlegare handballspelar Reidar Liaklev, vinnar av OL-gull på 5000 meter på skeiser i St. Moritz.

Sjå òg Brandbu/Jaren Tettstader i Oppland

Bakgrunnsstoff Denne artikkelen byggjer på «Jaren» henta frå Wikipedia på bokmål 24. september 2008.

Kategori:Geografi i Gran Kategori:Busetnader i Innlandet Kategori:Kommunesenter i Innlandet