Dvergtettegras (Pinguicula villosa) er ein 5 cm høg plante med små lysgrøne blad i rosett og eit kjertelhåra blomsterskaft med 7 mm lang bleikfiolett krone.
Bladoverflata er innsmurt med slim som inneheld enzym slik at plantene kan fordøye insekt som set seg fast i slimet. Planten kan så nyttiggjere seg næringsemne frå dei rotnande insekta.
Utbreiing Dvergtettegras veks på torvmosetuer på fjellmyrar. Planten veks sjeldan i store mengder, mest i fjellskogbeltet, og ein skal ha eit observant auga og god kjennskap til vekseplassen for å finne han. I Noreg finst dvergtettegas i fjellet i frå Tynset og Os til Oppdal, Haltdalen og Brekken, dessutan i Hattfjelldal, og vanlegare frå Saltdal til (Berlevåg) (Båtsfjord)Sør-Varanger. I Sverige veks han i Gotland, i Härjedalen og frå Åsele Lappmark til Torne Lappmark. Elles finst han rundt heile polkalotten, med unntak av Island og Grønland, og slik er han den mest utbreidde av dei tettegrasartane som veks i Noreg.
Namnet Dvergtettegras har namnet tettegras fordi blada frå tettegrasartane har vore bruka til å lage tettemjølk.
Det latinske namnet kjem av Pinguis ’feit’, og siktar til blada som skin feittaktig. Villósa tyder ’lodden’.
Sjå òg Vanleg tettegras Pinguicula vulgaris Fjelltettegras P. alpina
Kjelder Johannes Lid: Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2 Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958
Bakgrunnsstoff: Bilete
Kategori:Blærerotfamilien