Tavan Bogd Uul (mongolsk Таван богд уул) er eit fjell i Bayan-Ölgii aimag (provins) lengst vest i Mongolia med ei høgd på 4082 meter over havet. Han er ein av dei fem toppane i Tavan Bogd-massivet i lag med Khüiten (òg kalla Venskapstoppen, det høgaste fjellet i Mongolia).

Toppen formar eit trippelpunkt på grensa mellom Mongolia, Russland og provinsen Xinjiang i Kina.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tavan Bogd Uul» frå , den 21. september 2008.

Kategori:Altaj Kategori:Fjell i Kina Kategori:Fjell i Mongolia Kategori:Fjell i Russland