Itsjinskij (russisk eller , Itsjinskaja sopka) er ein stor stratovulkan som ligg sentralt på Kamtsjatkahalvøya i Russland. Han er den klart høgaste toppen i Sredinnyjfjella, den sentrale fjellkjeda på halvøya. Itsjinsky er av dei største vulkanane på Kamtsjatka med eit volum på om lag 450 kubikkilometer.
På toppen av vulkanen ligg ein 3 x 5 km stor kaldera, og inne i denne to lavadomar som er dei høgaste toppane. Heile toppområdet er dekt av ein stor isbre og fleire store isbrear går ned sidene av vulkanen. Det er fleire fumaroler i kalderaen.
Fleire dasitt- og rhyodasittdomar ligg på sidene av vulkanen nedanfor kanten på krateret. Basaltiske og dasittiske lavastraumar dannar dei nedre flankane, nokre av dei opp mot 10-15 km lange.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ichinsky» frå , den 16. september 2008. oppgav desse kjeldene:
Vulkanologi- og seismologiinstituttet på Kamtsjatka (på russisk )
Kategori:Kamtsjatka kraj Kategori:Fjell i Russland Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Stratovulkanar