Måndalen er ei bygd i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Bygda har om lag 900 innbyggjarar og er senteret på sørsida av Romsdalsfjorden i kommunen. Bygda omfattar Voll, Samset, Bruaset, Skare, Venås, Bø, Moen, Roknem, Skeie, Sæbø, Oterholm, Søvika og Hovde. Sentrum i bygda ligg på Voll. Fram til kommunesamanslåingane i 1964 tilhøyrde Måndalen Voll kommune.
Elva Måna renn gjennom bygda og ut i Vollabukta ved Måna camping. Den viktigaste sideelva er Vemora. Det går laks både i Måna og til tider i nedste del av Vemora.
Nede ved fjorden ligg Voll kyrkje som er ei trekyrkje frå 1896.
Næringsliv I tillegg til tradisjonelt jordbruk har bygda lang tradisjon med konfeksjons- og trevareindustri. Mest kjent er Wenaas og Måndalen trevare. Bygda har fleire bygg- og anleggsfirma, i tillegg til transportfirma. Investeringsselskapet Wenaas-gruppen har sitt hovudkontor på Voll. Det er eit av Noregs største innanfor hotelleigedom. Tidlegare hadde bygda ein sportsfiskereidskapsindustri. Dei mest kjente produkta var Møre-Silda, Søvik-svivel og Oterlinen Record.
Måndalen har eigen brannstasjonMåndalen brannstasjon underlagt Rauma Brannvesen.Rauma kommune
Tørla vassverk er det lokale vassverket. Drikkevatnet kjem frå Svartevatnet og inntaket er i elva Tørla. Det blir distribuert i nesten heile bygda inklusive Hovde og Søvika.
Bygda har Måndalen skulehttp://rauma.pedit.no/web/PageND.aspx?id=133634 Måndalen barne- og ungdomsskule med trinna 1-10 og barnehage, Voll omsorgssenter med 22 plassar, eit bakeri og ein frisørsalong, daglegvarebutikk med post, småbåthamn, kai med stupetårn, kafe, campingplass, badeplass og bensinstasjon.
Idrett Måndalen idrettslag har ei aktiv fotballgruppe. Laget spelte i 3. divisjon i sesongane 2007-2009. Laget bygde i 2009 Måndalshallen som er ein idrettshall med kunstgras. I 2011 vart idrettsbanen oppgradert med fast dekke. Banen har 8 løpebanar og kan arrangere nasjonale friidrettsstemne.
For den som er tur/fjell-interesserte, sel turgruppa i Måndalen idrettslag turorienteringskart på den lokale butikken (mai-oktober). Den viser kartreferansar til aktuelle fjellvatn, fjelltoppar og setrer. Stigar er merkte på kartet.
Forsamlingslokale Måndalen ungdomshus - Råkjè Måndalen bedehus Idrettshuset (tidlegare Go'bit'n kafe)
Historie Ved røystingane i 1905 stemte alle for oppløysing av unionen med Sverige og 171 for at prins Carl skulle bli Noregs konge og 60 imot.http://www.ikamr.no/1905/eid/eid.html
Kjente måndalingar Bygda har fostra nasjonalt kjente personar: Oddgeir Bruaset (f. 1944), journalist i NRK Ingvald Raknem (1910-1980), professor Knut Samset (1879-1936), misjonær Lars Wenaas (f. 1951), næringslivsleiar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Måndalen vel Måndalen på romsdal.com Voll sansehage
Kategori:Geografi i Rauma Kategori:Bygder i Møre og Romsdal Kategori:Dalar i Møre og Romsdal