mini|Amurtigrar held til i Sikhote-Alin Sikhote-Alin (russisk Сихотэ-Алинь) er ei fjellkjede i Primorskij og Khabarovsk kraj i Russland som strekkjer seg om lag 900 km nordaustover frå den russiske stillehavsbyen Vladivostok. Dei høgaste fjelltoppane er Tordoki Jani (2077 moh), Ko (2003 moh) i Khabarovsk kraj og Anik (1933 moh) i Primorskij kraj.
Sikhote-Alin utgjer ein av dei mest særeigne tempererte sonene i verda. Artar som er vanlege for nordleg taiga (som reinsdyr og brunbjørn) lever side om side med tropiske artar som amurleopard, sibirsk tiger og himalayabjørn. Det er lite ulv i regionen på grunn av konkurranse frå tigrane. Det eldste treet i regionen er eit tusen år gammalt japansk barlind.
I 1910- og 1920-åra vart Sikhote-Alin utforska av Vladimir Arsenjev (1872–1930). Han skildra reisene sine i fleire bøker, mellom anna Dersu Uzala (1923), som i 1975 vart ein oscarvinnande film av Akira Kurosawa. Det store Sikhote-Alin og Lazoreservatet vart i 1935 oppretta for å bevare det unike dyrelivet i regionen.
I 2001 vart Sikhote-Alin ein del av verdsarva til UNESCO. Verdsarvområdet dekkjer eit areal på . I dette areal ligg ei kjernesone som berre kan vitjast i lag med følgje.
Bakgrunnsstoff Sikhote-Alin som verdsarvstad Sikhote-Alin på Natural Heritage Protection Fund
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sikhote-Alin» frå , den 4. september 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellkjeder i Russland Kategori:Primorskij kraj Kategori:Khabarovsk kraj Kategori:Verdsarv i Russland Kategori:Biosfærereservat i Russland