Bonitet er mål for skogens evne til å produsere trevyrkje. Boniteten vert inndelt i bonitetsklassar. Vanlegvis er produksjonsevna rekna etter middeltilveksten i eit skogbestand ved kulminasjonsalder.
Sidan det er ein sterk samanheng mellom bonitet og høgdevekst, vert alder og trehøgde bruka som inngangar i bonitetstabellane.
Norske bonitetssystem På økonomisk kartverk deler ein skogsmarka inn i fire bonitetsklassar (S, H, M, L). I norsk skogbruk er det elles vanleg å bruke H40-systemet, for å vise boniteten. Bonitet 8 indikerer at overhøgda i bestandet vil vere 8 meter ved 40 års brysthøgdealder, det vil seie alderen målt 1,3 meter over bakken. Dei vanlegaste bonitetsklassane er G6 og 8 - L (låg bonitet,*Skog og landskap tilvekst minst 0,08 m³/daa/årSkatteetaten) G11 og 14 - M (middels bonitet, tilvekst minst 0,25 m³/daa/år) G17 og 20 - H (høg bonitet, tilvekst minst 0,40 m³/daa/år) G23 og 27 - S (super bonitet, tilvekst minst 0,70 m³/daa/år)
Forbokstav G (f.eks G17) vert bruka om gran, F om furu, B om Bjørk og S om Sitkagran.
Dersom ein vil rekne om brysthøgdealder til totalalder, legg ein til 10 år for gran på G20, 8 år for furu på F20 11 år for gran på G17, 9 år for furu på F17 13 år for gran på G14, 10 år for furu på F14 15 år for gran på G11, 12 år for furu på F11 17 år for gran på G8, 15 år for furu på F8Handbok for planlegging i skogbruket, Landbruksforlaget 1987 ISBN 82-529-1139-0 Kjelder
Kategori:Skogbruk