Tambukansjøen (russisk Тамбукан) er ein innsjø med bitter-salt vatn i Nord-Kaukasus i Stavropol kraj og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland, om lag 8 km frå Pjatigorsk. Innsjøen har eit areal på 1,87 kvadratkilometer og eit djup som varierer frå 1,5 til 3,1 meter. Om lag ein to tredjedelar av innsjøen ligg i Karatsjajevo-Tsjerkessia. Botn av innsjøen er eit tjukt gjørmelag, og gjørma har sidan 1886 vore nytta til gjørmebehandling i institusjonar i Jessentuki og andre terapeutiske gjørmebad i regionen. Desse gjørmebada har vorte nytta av kjende personar som Fjoodor Tsjaliapin, Anton Tsjekhov og Leo Tolstoj.

Historie I 1395 tok krigsherren Timur eit bad i Tambukansjøen. Den kabardiske fyrsten Murazarbek Tambiev slo den krim-tyrkiske hæren nær innsjøen i 1709. Ordet Tambukan kjem frå det tyrkiske ordet Tambu qanı og tyder «Tambiev sitt blod» eller «Tambiev sitt asyl».

I 1717 sende Peter den store lækjaren sin Sjober på ein ekspedisjon til Tambukan for å hente medisinsk vatn og gjørme.

Den første vitskaplege skildringa av Tambukansjøen vart gjort av Guldenschtedt i 1773.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tambukan Lake» frå , den 1. september 2008.

Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Karatsjajevo-Tsjerkessia Kategori:Stavropol kraj