mini|I år 79 hadde Vesuv eit stort utbrot som prega områda rundt. År 79 (LXXIX med romartal) var eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen.

Hendingar mini|Statue av keisar Titus. 23. juni: Titus blei romersk keisar etter far sin, Vespasian. 24. august: Vulkanen Vesuv fekk eit utbrot som øydela byane Pompeii og Herculaneum.

Anakletus blei vald til pave etter Linus (dette året eller i 76). I Kina blei tekstar av Konfutse og hans skule kanoniserte.

Fødde Keisar He av Han Ma Rong, konfutsiansk tenkjar

Døde 23. juni: Vespasian, romersk keisar 24. august: Plinius den eldre, romersk forfattar, drepen i utbrotet til vulkanen Vesuv. Caesius Bassus, romersk diktar, drepen i utbrotet til Vesuv. Pave Linus (eller 76).