Glenbrook er både eit landleg område og eit industriområde i Franklin District i regionen Auckland på New Zealand.

I industriområdet ligg det største stålverket på New Zealand, New Zealand Steel. Det ligg ikkje nær nokon byar, landområda omkring består for det meste av gardsbruk som driv mjølkeproduksjon. Dei næraste byane er Waiuku, fem km i sør, og Pukekohe, 15 km mot aust.

Glenbrook er elles kjend for veteranjarnvegen Glenbrook Vintage Railway.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Glenbrook, New Zealand» frå , den 24. august 2008.

Bakgrunnsstoff Glenbrook Vintage Railway

Kategori:Busetnader i regionen Auckland