mini|Topografien til Zealandia. Ryggane som går frå nord mot sørvest er ikkje ein del av kontinentet, heller ikkje Australia, Fiji eller Vanuatu Zealandia (òg kalla Tasmantis) er eit nesten undersjøisk kontinent som sokk i havet etter det lausreiv seg frå Australia for 60-85 millionar år sidan, og frå Antarktis for mellom 130 og 85 millionar år sidan. Det kan ha vorte fullstendig dekt av havet for om lag 23 millionar år sidan. Det meste av kontinentet, 93 %, er framleis under Stillehavet. I dag er det berre New Zealand og nokre øyar som stikk opp av havet.
Zealandia er nesten halvparten så stort som Australia. Som kontinent er det uvanleg langt og tynt. Det rekkjer frå 19° sørleg til 56° sørleg breiddegrad. To parallelle ryggar som går frå nord til sør utgjer store delar av kontinentet. Den vestlege ryggen er hovudsakleg undersjøisk med nokre platå. På den austlege ligg Ny-Caledonia og New Zealand.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zealandia (continent)» frå , den 20. august 2008.
Kategori:Historiske kontinent Kategori:Newzealandsk geologi Kategori:Oseania