Tsjukhlomasjøen (russisk Чухломское озеро; Tsjukhloskoje ozero) er ein innsjø i Kostroma oblast i Russland. Han har eit areal på 48,7 km², og eit gjennomsnittleg djup på 4,5 meter.
Innsjøen er nesten sirkelforma og har ein diameter på 6–7 km. Breidda av innsjøen er flat og myrlendt. Innsjøen er tilfryst frå seint i oktober til seint i april. Fleire mindre øyar munnar ut i i Tsjukhlomasjøen og han har utsig mot nordvest i Kostromaelva.
På søraustsida av innsjøen ligg byen Tsjukhloma. I nord ligg landsbyen Nozhkino og Avraamijevo-Gorodetskij kloster, som vart grunnlagd av Avraamyj av Galitsj på 1400-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Chukhloma» frå , den 16. august 2008.
Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Kostroma oblast