Baskuntsjak (russisk Баскунчак) er ein saltsjø på 115 km² i Astrakhan oblast i Russland, om lag 270 km nord for Kaspihavet, og 53 km aust for Volga. Sidan 1997 har området vorte strengt verna som eit naturreservat.

Overflata på innsjøen ligg 21 meter under havnivå. Han får vatn frå elvar som dekkjer eit område på . Saliniteten i innsjøen er 300 gram/liter. Sidan 700-talet har det vorte vunne ut salt frå området som er sendt langd silkevegen. I dag dekkjer det særs reine saltet frå innsjøen (99,8 % natriumklorid) 80 % av saltproduksjonen i Russland. Mellom 1,5 og 5 millionar tonn salt vert vunne ut vart år.

Sør for innsjøen ligg fjellet Bojsjoje Bogdo på 150 meter over havet og dannar det høgaste punktet i Den kaspiske senkinga. Åsen veks med om lag 1 mm i året av ein saltdom. Slukhol og karstgrotter med lengder på opp til 1,5 km går gjennom åsen. Det er òg det einaste området i Europa med lagerstätteoverflata frå trias. For det lokale kalmykfolket er åsen heilag.

Sjå òg Elton

Bakgrunnsstoff Bogdinsko-Baskuntsjakskij naturreservat

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Baskunchak» frå , den 16. august 2008.

Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Endorheiske innsjøar i Asia Kategori:Astrakhan oblast