Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er ein journalistpris som vart oppretta i samband med opninga av Nynorsk mediesenter i 2004. Målet med prisen er å medverke til auka bruk av nynorsk i media, og å ære ein journalist som er eit føredøme for andre. Prisen skal gå til ein journalist som har utmerkt seg med bruk av ein levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.
Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk. Prisen vart delt ut første gong i 2006.
Prismottakarar
2006: Linda Eide, NRK.«Linda Eide får Kulturdepartementets pris for nynorskjournalistar» - regjeringa.no 2007: Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen.«Nynorskprisen for journalistar til Kjell-Erik Kallset» - regjeringa.no 2008: Odd Reidar Solem, TV 2.«Odd Reidar Solem i TV2 får Kulturdepartementet sin nynorskpris» - regjeringa.no 2009: Ronny Brede Aase, P3.Ronny Brede Aase får KKD sin nynorskpris for journalistar - Regjeringa.no 2010: Astrid Brekken, NRK. 2011: Njord V. Svendsen, Bergens Tidende. 2012: Hilde Sandvik, Bergens Tidende og Katrine Sele, Firda. 2013: Christian Wiik Gjerde, NRK P1 2014: Ingunn Solheim, NRK 2015: Jan Zahl, Stavanger Aftenblad 2016 Jon Hustad
Kjelder Nynorskpris for journalistar - regjeringa.no Oversikt over prisvinnarane hjå Nrk Nynorsk mediesenter
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Nynorsk mediesenter
Kategori:Norske medieprisar Kategori:Skipingar i 2004 Kategori:Nynorsk Kategori:Journalistikkprisar