Atlasov (japansk Araido) er den nordlegaste øya og vulkanen i Kurilane, ein del av Sakhalin oblast i Russland. Han er òg den høgaste vulkanen i øygruppa med ei høgd på 2339 meter over havet. Andre namn på øya er Ujakhuzjatsj, Oyakoba og Alaid.

Øya er kalla opp etter Vladimir Atlasov, ein russisk utforskar frå 1600-talet som erklærte Kamtsjatkahalvøya ein del av Russland. Øya er i hovudsak ei vulkankjegle som stikk opp av havet i Okhotskhavet. Øya har eit areal på 119 km² og er i dag ikkje busett. mini|venstre|Atlasov sett frå verdsrommet i september 1992 Den nær perfekte forma på øya har ført til mange segner om vulkanen hos folka som lever i regionen, som itelmenar og det kurilliske ainu-folket. Den russiske forskaren Stepan Krasjeninnikov vart fortalt ei soge om at fjellet ein gong låg i Kamtsjatka, men at nabofjellet vart sjalu på det vakre fjellet og forviste det til havet. Dette skapte Kurilesjøen sør på Kamtsjatka.

Japanaren Ito Osamu skildra fjellet i 1926 som meir utsøkt i forma enn Fuji-fjellet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Atlasov Island» frå , den 14. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Global Volcanism Program

Bakgrunnsstoff

Russisk ekspedisjon til Kurilane Sakhalin oblast

Kategori:Kurilane Kategori:Sakhalin oblast Kategori:Øyar i Russland Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Stratovulkanar Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Stader i Russland kalla opp etter russarar