Reșița er ein by i regionen Banat i Romania og hovudsete i Caraș-Severin fylke. Byen ligg vest i landet og har om lag 75 000 innbyggjarar.
Historie
Byen har røter tilbake til 1400-talet under namnet Rechyoka og Rechycha. Arkeologiske funn i området går derimot tilbake til steinalderen, Dakia og Romarriket. Han vart nemnd i 1673 som Reszinitza i dokument som synte at innbyggjarane betalte skatt til Timișoara. På slutten av 1700-talet vart han eit viktig industrisenter for produksjon av metall. Byen var først busett av rumenarar, men seinare slo òg tyske familiar seg ned her. Byen hadde lenge eit landleg preg og først i 1925 fekk han status som by, og i 1968 vart han ein eigen kommune.
Etter den rumenske revolusjonen i 1989 vart Reșița mindre viktig og økonomien var i fall, som i resten av Romania. Folketalet minka òg, frå 110 000 i 1989 til 85 000 i dag.
Busetnader mini|Kommunen Reșița innanfor Caraș-Severin fylke Reșița er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad Folketal 2011 Folketal 2021 Reșița 69 513 55 181 1 397 1 337 324 255 708 579 512 335 509 420 319 286
Storbyområde Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Reșița, bykommunen Bocșa (oraș) og dei åtte mindre kommunane (comună) Ocna de Fier, Dognecea, Goruia, Târnova, Văliug, Brebu Nou, Lupac og Carașova.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Reșița» frå , den 11. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Caraș-Severin fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Caraș-Severin fylke