mini|Polske bønder drepne av tyske soldatar. mini|Offera etter massakren i Srebrenica. mini|Torturen i Abu-Ghuraib-fengslet utført av amerikanske soldatar. Krigsbrotsverk eller krigsbrottsverk er ei straffbar handling under internasjonal lov som inneber folkerettslege brot av krigsreglar og skikkar for krigføring. Krigsbrotsverk kan vere utført mot andre soldatar, mot sivile personar eller mot eigedom i okkuperte område.

Døme på krigsbrotsverk Krigslovbrot kan mellom anna vere: valdtekt mord eller massemord mishandling og tortur av krigsfangar eller sivile plyndring eller vilkårleg øydelegging av eigedom øydeleggingar utan noko militær årsak (t.d. åtak på barnehagar/sjukeheimar/sjukehus) ikkje respektere kvitt flagg som teikn på ein våpenkvile eller å misbruke eit kvitt flagg til snikåtak på fiendtlege styrkar bruk av ulovlege stridsmiddel biologiske og kjemiske våpen kuler som utvidar seg eller blir flate ved skyting av menneske

Strafferett Krigsbrotsverk kan skje som ei følgje av både internasjonal og intern konflikt. Formelt sett var tidlegare krigsbrotsverk avgrensa til internasjonale konfliktar, men dette har forandra seg etter som ulike menneskerettsorganisasjonar har fått meir makt og vorte meir synlege. Døme er Oxfam International, Amnesty International og UNWRA.

Krigslovbrot er eit viktig punkt i internasjonal humanitær lovgjeving. I fleire tilfelle har internasjonale tribunal blitt samankalla for å straffeforfølgje krigsforbrytarar, som for eksempel i Nürnbergprosessen, Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia og Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for Rwanda. Det er vanleg at krigslovbrot gjort av den sigrande parten i ein krig ikkje blir forfølgd, best illustrert ved Nürnbergprosessane, noko som har fått fleire til å stille spørsmål ved slike prosesser. Domstolane oppretta i nyare tid av f.eks. FN er meininga å vere nøytrale og dømme krigsforbrytarar frå alle nasjonar heilt likt, men dette har også blitt gjenstand for kritikk frå enkelte organisasjonar.

Haagkonvensjonane Krigsbrotsverk, som til dømes landsvik, har eksistert i vanleg lov hjå ulike sivilisasjonar i mange hundre år. Under Haagkonvensjonane i 1899–1907 vart mange av desse universale reglane om krigsbrotsverk teke med som del av den internasjonale loven. Den fjerde Haag-konvensjonen (18. oktober 1907) kom med ein artikkel som er delt inn i ulike kapittel som mellom anna omhandlar handsaminga av:

Krigsfangar Sjuke og skada Metodar for å skade, kringsetja og bombe fienden Spionasje Lydnad for kvite flagg Overgjeving

Artikkel 22 seier mellom anna at «Retten til dei stridende til å skade fienden ikkje er uavgrensa, og i laupet av dei siste hundre åra har det vorte mange nye lovar som set grenser for dei stridande.» Somme av desse reglane, som t.d. Haag-konvensjonen, vert rekna som ein del av vanleg internasjonal lov, og er bindande for alle. Andre reglar gjeld berre for medlem av organisasjonar som har godteke dei. Døme på dette er avtaler om bruk av biologiske og kjemiske våpen, og bruken av ulike typar ammunisjon.

Det moderne konseptet av krigsbrotsverk vart utvikla vidare under Nürnbergprosessen med vekt på innhaldet i dokumenta frå Den militære domstolen i London, som vart publisert 8. august 1949.

Den internasjonale straffedomstolen Den 1. juli 2002 vart Den internasjonale straffedomstolen i Haag oppretta for å føre saker som omhandlar krigsbrotsverk utført på eller etter denne datoen. USA, Kina, India og Israel er mellom fleire som har kritisert domstolen, og nektar å godta at domstolen har nokon juridisk legitimitet.

Historiske krigsbrotsverk Fleire tidlegare statsoverhovud har blitt tiltalt for krigslovbrot. Desse inkluderer: Karl Dönitz frå Tyskland Hideki Tojo frå Japan Charles Taylor frå Liberia Radovan Karadžić frå Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Slobodan Milošević blei også tiltalt for krigslovbrot, men han døydde før prosessen var ferdig.

Det har ved fleire høve blitt hevda at lovgjevinga i samband med krigslovbrot favoriserer sigerherrane i krigen. Døme på dette er dei allierte sine øydeleggingar av sivile mål under begge verdskrigane, bruken av atomvåpen over Hiroshima og Nagasaki, samt den indonesiske okkupasjonen av Aust-Timor som varte frå 1976 til 1999.

Sjå òg Nürnbergprinsippa Genèvekonvensjonane Den internasjonale straffedomstolen

Merknader

Kjelder

Gisle, Jon (2007) Jusleksikon. Kunnskapsforlaget, Oslo Komplisert fødsel for den Internasjonale straffedomstolen. Vitja 9. juli 2008 Kafala, Tarik (2003) What is a war crime? Vitja 9. juli 2008 Nystuen, Gro (2003) Ikke dødelige våpen og internasjonal humanitær rett. Vitja 9. juli 2008 Oxfam International (2004) Protecting civilians : A cornerstone of Middle East Peace Vitja 9. juli 2008 Oxfam International (2008) About us. 9. juli 2008 Røde kors (2008) Krigsforbrytelser. 9. juli 2008 The Avalon Project (1998) Laws of War : Laws and Customs of War on Land (Hague IV); October 18, 1907 Vitja 9. juli 2008 Krigsbrot på engelsk wikipedia Vitja 9. juli 2008

Bakgrunnsstoff

Gisle, Jon (2007) Jusleksikon. Kunnskapsforlaget, Oslo Komplisert fødsel for den Internasjonale straffedomstolen. Kafala, Tarik (2003) What is a war crime? Nystuen, Gro (2003) Ikke dødelige våpen og internasjonal humanitær rett. Vitja 9. juli 2008 Oxfam International (2004) Protecting civilians : A cornerstone of Middle East Peace Oxfam International (2008) About us. Røde kors (2008) Krigsforbrytelser. 9. juli 2008 The Avalon Project (1998) Laws of War : Laws and Customs of War on Land (Hague IV); October 18, 1907

Kategori:Krigsetterverknader Kategori:Internasjonal strafferett Kategori:Krigslover