Hallvard Eika () var ein norsk agronom og politikar for Venstre .
21. august 1970-17. mars 1971 var han statsråd og sjef for Landbruksdepartementet (landbruksminister) i regjeringa Borten. 18. oktober 1972-16. oktober 1973 var han statsråd og sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet (handelsminister) i regjeringa Korvald.
Eika studerte på Norges landbrukshøgskole frå 1943 til 1946. Han overtok garden Eika i Bø i Telemark i 1952. Han var formann i Norges Bondelag frå 1955 til 1966.
Eika var ordførar i Bø frå 1967 til 1970, då han gjekk inn i regjeringa. I 1969 blei han vald inn på Stortinget for Venstre i Telemark og sat på Stortinget i to periodar, fram til 1977. Han var organisatorisk nestformann for Venstre frå 1970 til partisplittinga i 1972. Han var ein av fire stortingsrepresentantar som blei igjen i Venstre.
Etter Stortinget var han fylkeslandbrukssjef i Telemark frå 1977 til 1985. Mellom mange styreverv var han styreformann for Fokus Bank frå 1987 til 1989.
Eika vart i 1986 utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kjelder Biografi ved stortinget.no
Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Statsrådar i Regjeringa Korvald Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Norske agronomar Kategori:Folk frå Bø i Telemark