Hunn er ein tettstad i Overhalla kommune i Trøndelag fylke. Bygda ligg på nordsida av elva Namsen, om lag elleve kilometer vestom kommunesenteret Ranemsletta og om lag 14 kilometer austom byen Namsos. Fylkesveg 17 passerer gjennom bygda i hovudretning aust-vest. Den nedlagde Namsosbanen gjekk her. Skage kyrkje frå 1903 ligg i nedre del av bygda.
Det var ein namnediskusjon her i 2013-2015 som enda med at namnet på tettstaden er «Hunn» (ikkje «Skage sentrum»), medan bygda heiter «Skage».Hunn ; statkart.noStedet heter Hunn – ikke Skage sentrum ; Namdalsavisa, 22.10.2013Skage ; yr.no
Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Nord-Trøndelag» Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960
Fotnotar
Kategori:Geografi i Overhalla Kategori:Tettstader i Trøndelag