Grudziądz er ein by nord i Polen ved elva Wisła med om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg i Kujaviskpommerske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare ein del av Toruń voivodskap (1975–1998).

Historie mini|venstre|Gamle kornkammer i Grudziądz.

Grudziądz (då kalla Graudenc) fekk byrettar i 1291 og tilslutta seg den prøyssiske konføderasjon i 1440. Mellom 1466 og 1772 høyrte byen til den polske krona som del av provinsen Det kongelege Preussen, som hadde stor grad av sjølvstyre. Ved den første delinga av Polen i 1772 vart byen annektert av kong Fredrik II av Preussen og vart slik same år del av kongedømet Preussen. I 1878 vart det bygd ei bru over Wisła (tysk Weichsel), noko som medverka til ei rask industrialisering av Graudenz. Ved riksdagsvala i 1912 fekk polske kandidater 21 prosent av stemmene, medan Det tyske nasjonalliberale partiet fekk 53 prosent.

Den 23. januar 1920 vart byen, som hadde ein overvegande tysk folkesetnad (84 %), del av den andre polske republikken som vart etablert etter den første verdskrigen.

Den 3. september 1939 erobra tyske militære styrkar byen. Det tyske styret varte i fem år. Ved Grudziądz låg den tyske konsentrasjonsleiren Graudenz som var satellittleir under konsentrasjonsleiren Stutthof lenger nord. Under kampane vinteren 1945 vart over 60 prosent av Grudziądz øydelagt.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grudziądz» frå , og «Grudziądz» frå den 18. juni 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kujaviskpommerske voivodskap Kategori:Byar i Polen