Svanvik kyrkje, tidlegare kapell, står i Svanvik i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke, og er ei tømra kyrkje med sentralplan. Kapellet vart bygd i åra 1932–1934. Arkitekt for bygget var Harald Sund. Kyrkja har eit norsk nasjonalromantisk preg med mørke tømmervegger og raudmåla listeverk og grøn dør utvendig. Også inni har kyrkja mørke tømmervegger som står i kontrast til dei fargesprakande søylene, benkane og inventaret.
Kyrkja høyrer til Sør-Varanger kyrkjesokn i Varanger prosti.
Som med Kong Oscar IIs kapell i Grense Jakobselv og Neiden kapell låg det også i Svanvik ein politisk baktanke frå styresmaktene bak oppføringa av kyrkja. Ein ynskte å gje folk i området lett tilgang til ei norsk kyrkje. Målet var å knyte folket i området fastare til det norske samfunnet gjennom kyrkja, og slik styrke den norske suvereniteten over området.
Kjelder Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard: «Svanvik kapell» på nettstaden til Universitet i Tromsø] Sigrun Rasmussen: «Neiden kapell og Svanvik kapell - Nasjonal oppbygging i Sør-Varanger»
Bakgrunnsstoff
Om Sør-Varanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirker og kapeller» på nettstaden til Sør-Varanger kyrkjelyd Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Finnmark» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Sør-Varanger Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Varanger prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1934 Kategori:Harald Sund Kategori:Kulturminne i Sør-Varanger