Erik Pløen () var ein norsk keramikar fødd på Gran på Hadeland.
Han starta som keramikar med å vere læregut hjå Schneider og Knutzen på Slemdal i Oslo som 17-åring i 1942. Seinare gjorde han fleire studiereiser og fekk utdanning mellom anna hjå Royal Copenhagen i København og på University of Chicago.
Erik Pløen fekk seg eigen verkstad i Asker i 1946, seinare flytta han til Stange 1948-1957. I 1957 flytte han til Ljan i Oslo? og det var då han fekk seg gassomn og gjekk heilt over til steingods. Seinare flytta han til Son i Vestby og der vart han buande og arbeidande livet ut.
Prisar og utmerkingar 1961 Lunningprisen 1962 Gullmedalje frå keramikkutstillinga i Praha
Representert ved desse samlingane Det internasjonale keramikkmuseet i Faenza Kunstindustrimuseet i Oslo Nordenfjeldske kunstindusrimuseum Vestlandske kunstindustrimuseum
Bakgrunnsstoff Galleri Henrik Gerner Arvid Møller - Erik Pløen : en moderne klassiker ISBN 82-7393-124-2 Samler og Antikkbørsen nr 1/2005
Kjelder Red. Erik Zahle - Brukskunst i hjemmet (Nordiske fagbøker) Astrid Olsen og Rolf Simeon Andersen - Moderne antikviteter : norsk keramikk, signaturer og merker 1900-1960 (Lunde Forlag) ISBN 82-520-3279-6
Pløen, Erik