Hammerfest kyrkje er ei betongkyrkje i modernistisk stil frå 1961 i Hammerfest kommune i Finnmark fylke. Kyrkja er bygd i ei vifteform med eit smalt kor i aust og tårn i vest. Arkitekt for kyrkja var Hans Magnus. Magnus teikna kyrkja etter inspirasjon av fiskehjell som blir brukt til å tørke fisk i Nord-Noreg.Hammerfest kirke - nordnorge.com. Lest 17. september 2017

Hammerfest kyrkje har rundt 400 plassar. Ho er utsmykka av kunstnaren Jardar Lunde.

Det har stått fem tidlegare kyrkjer i Hammerfest. Alle blei øydelagde av brann, den siste under tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms under andre verdskrigen.

Ein kan koma til staden via Riksveg 94.

Utsmykking Det meste av utsmykkinga i kyrkja er gjort av Jardar Lunde. Over alteret er det eit trekanta glasmåleri som viser sentrale element i kristen lære. Samtidig er både forma på glasmåleriet og motiva eit uttrykk for treeininga. Glasmåleriet viser Gud Fader, Jesus Kristus og Den heilage anden.

Under glasmåleriet er det ein mosaikk frå 1972 i norsk naturstein. Mosaikken viser ulike hendingar frå påskeforteljinga. Alteret er pryda med ein kross og eit antemensale i glasmosaikk.

På sideveggane i kyrkjeskipet er det glasmosaikkar som framstiller ulike kristne symbol.

Fronten på orgelgalleriet er utført av Eva og Knut Arnesen. Det er 11 tresnitt som viser fire tidlegare kyrkjer i Hammerfest, to gravkapell i byen, Moses, apostelen Peter og Maria med Jesusbarnet, Lars Levi Læstadius og Thomas von Westen.Informasjonsbrosjyre kjøpt i kyrkja

Annan kunst I sidekapellet står ei altertavle frå den fyrste kyrkja i Hammerfest. Altertavla er frå 1623, og er tredelt. Det sentrale motivet er Jesus på krossen, og i sidefelta er Maria og apostelen Johannes. I kapellet er det også to lysekroner frå midten av 1700-talet.

Bilete

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hammerfest kirke» frå , den 31. desember 2025.

Bakgrunnsstoff

Arkitektguide for Nord-Norge og Svalbard: «Hammerfest kirke»

Kyrkjer i Noreg (på tysk) (bilete)

Kategori:Kyrkjer i Hammerfest Kategori:Kyrkjer i Hammerfest prosti Kategori:Hans Magnus Kategori:Norske kyrkjer frå 1961 Kategori:Kulturminne i Hammerfest