Lundehaugen vidaregående skule var ein offentleg vidaregåande skule i bydelen Ganddal i Sandnes.

Utdanningsprogram

Lundehaugen vidaregåande skule hadde desse utdanningsprogramma: Musikk, dans og drama Media og kommunikasjon Service og samferdsel Allmennfagleg påbygg Internasjonal klasse (tilbod for framandspråklege for å få den kunnskapen dei trong for å gå inn i vanleg vidaregåande treårig opplæring)

I 2010 blei utdanningsprogrammet Service og samferdsel flytta til Gand vidaregåande skule, mens Musikk, dans og drama og Medier og kommunikasjon flytta til nye Vågen vidaregåande skole i Sandnes sentrum.

Historie Blaauw Hvarings private handelsskole blei teken over av Rogaland fylkeskommune i 1967 og fekk namnet Sandnes Handelsskole. Skulen heldt til i dei gamle lokala Sandnes Gymnas i Langgata i Sandnes. Då skuletilbudet voks trengde skulen større lokale. I 1985 stod nybygget på Ganddal ferdig. Mot slutten hadde skulen omkring 645 elevplassar, noko dette bygget opphavleg ikkje var rekna for.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lundehaugen videregående skole» frå , den 13. mai 2017.

Kategori:Tidlegare vidaregåande skular i Noreg Kategori:Ganddal Kategori:Utdanning i Sandnes Kategori:Skipingar i 1985 Kategori:Nedleggingar i 2010