Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) er ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti (KrF). Det vart skipa i 1946. KrFU er eit kristendemokratisk parti som plasserer seg i sentrum av norsk politikk.

Ungdomspartiet er medlem av den Europeiske paraplyorganiasjonen YEPP, og samarbeider med sine nordiske søsterparti gjennom KDUN.

Politikk KrFU er eit kristendemokratisk parti. Den kristendemokratiske ideologien er ein sosial, verdiorientert ideologi som plasserer KrFU (saman med KrF) i sentrum av norsk politikk. KrFU er, som andre ungdomsparti, meir radikale enn sitt moderparti, og for KrFU gjeld det spesielt innan utvikling og miljø.

Viktige saker som karakteriserer KrFU: Grunnlovsfesting av retten til liv. Ansvarleg og radikal miljøpolitikk. Omfordeling av ressursane i verda, gjennom auka bistand, meir gjeldsslette og handel med utviklingsland. Eit likestilt samfunn der alle har like moglegheiter, uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn eller seksuell legning. Ein meir human og meir solidarisk flyktning- og asylpolitikk.

Organiasjon KrFU sin organisasjon er delt opp i tre ulike nivå; sentralleddet, fylkes- og lokallag.

Sentralleddet består av eit arbeidsutval, samansett av leiar og nestleiarar – og eit sentralstyre. Både sentralstyre og arbeidsutval blir valt på det årlege landsmøtet. KrFU har sitt landskontor i Øvre Slottsgate 18-20.

Leiarar 1946–1948: Ragnar Horn 1948–1949: Jon Arnøy 1949–1950: Ivar Wang-Erlandsen (fung.) 1950–1954: John Antonsen 1954–1955: Aage Lunde 1955–1956: Kåre Kristiansen (fung.) 1956–1957: Odd Holøs 1957–1959: Erling Danielsen 1959–1960: Daniel Kristiansen 1960–1961: Kjell Rønning 1961–1963: Ole J. Søvik 1963–1966: Per Høybråten 1966–1968: Oddvar Hodne 1968–1970: Sverre Pettersen 1970–1973: Kjell Magne Bondevik 1973–1975: Ivar Molde 1975–1976: Ola T. Lånke 1976–1979: Idar Mange Holme 1979–1982: Dagfinn Høybråten  1982–1984: Reidar Andestad 1984–1986: Kristin Aase 1986–1988: Svein Konstali 1988–1990: Gunnstein Instefjord 1990–1992: Berit Aalborg 1992–1993: Anders Gåsland 1993–1996: Andreas E. Eidsaa jr. 1996–1999: Øyvind Håbrekke 1999–2002: David Hansen 2002–2005: Per Steinar Osmundnes 2005–2007: Inger Lise Hansen 2007–2010: Kjell Ingolf Ropstad 2010–2013: Elisabeth Løland 2013–2015: Emil André Erstad 2015–2017: Ida Lindtveit 2017–2019: Martine Tønnessen 2019–2021: Edel-Marie Haukland 2021–2025: Hadle Rasmus Bjuland 2025– : Ingrid Olina Hovland

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristeleg Folkepartis Ungdom» frå , den 11. mai 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:KrFU Kategori:Norske politiske ungdomsfylkingar Kategori:Skipingar i 1946