Namsen (sørsamisk Nååmesje) er ei elv i Trøndelag fylke, om lag 200 km lang og med drygt 6000 kvadratkilometer nedbørsfelt. Ho startar i Store Namsvatnet, Røyrvik kommune, og munnar ut ved byen Namsos. Viktige elvar som renn ut i Namsen er Bjøra og Sandøla.

Eit eldre sørsamisk namn på Namsen er Lakə̑s(ə̑), Mikko Korhonen ser dette som eit sørsamisk lån frå urgermansk *laguz, forma tilsvarar gamalnorsk lǫgr og moderne lågen.Mikko Korhonen 1981 Johdatus lapin kielen historiaan, SKS, s. 51

Undervegs gjennom Namdalen er elva regulert med fleire dammar, mellom anna ved utløpet av Namsvatnet og i kommunen Grong (Åsmulfoss, Aunfoss, Øvre og Nedre Fiskumfoss).

Av fiskeslag finn ein aure og laks, samt laksearten namsblank. Det er observert ørekyte i Namsvatn og ein fryktar konskvensene for laks- og aurefisket når denne spreier seg nedover vassdraget. Elva vert rekna som ein av dei beste lakseelvane i Noreg og årleg kjem mange fiskarar frå heile Europa for å fiske. Særleg kjem folk frå Sverige, Danmark og Tyskland for å delta i det årlege fisket som vert rekna for å gje mellom 20 og 35 tonn. I løpet av sesongen vert Grong laksefestival arrangert. I Harran, ved Fiskumfoss, finn ein Norsk Lakseakvarium.

I 1959 gjekk to store leirras i det nedre løpet av elva, i kommunen Overhalla; ein million m³ ved Vibstad, den 22. februar, og 3 million m³ ved Furre, den 14. april.

Isproppar og flaumar den 31. januar 2006 gav den største flaumen sidan NVE starta flaummåling i området for 90 år sidan. I løpet av tre døgn fall det 150-300 mm nedbør som regn over området og snøsmeltinga medverka med 10-50 mm.

Kjelder

Kategori:Elvar i Trøndelag Kategori:Geografi i Røyrvik Kategori:Geografi i Namsskogan Kategori:Geografi i Grong Kategori:Geografi i Overhalla Kategori:Geografi i Namsos Kategori:Namsenvassdraget